Frivillig

Frivillig

Vil du vere med på laget som lagar fest, moro og unike opplevingar i Ulvik i september?

På kvar einaste festival er alle dei frivillige med på å gjere Ulvik poesifestival til ei unik oppleving. Innsatsen til alle dei frivillige er også heilt avgjerande for at vi skal få til ein tre dagars poesifest her innerst i Hardangerfjorden. Som frivillig på Ulvik poesifestival får du unike opplevingar både musikalsk og litterært. Du får òg nye bekjentskap med deg på vegen. 

Lurar du på kva det vil seia å vera frivillig for festivalen? Kva er arbeidsoppgåvene? Kva får du og kva må du sjølv bidra med? Les meir under og vi håpar vi kan svara deg på det du lurar på.

Som frivillig under Ulvik poesifestival gjev vi deg:

Frivilligarmband

Dette gjev deg tilgang til alle konsertane under festivalen når du har fri og det er ledig kapasitet. Du kan reservere plassbillett til to utvalde arrangement under festivalhelga.

Festival t-skjorte

Denne må du ha på deg når du er på jobb for festivalen.

Mat

To måltid om dagen i festivalkroa dei dagane du er i arbeid.

Forsikring

Ulvik poesifestival har medarbeidarforsikring for alle frivillige, gjeld medan du er på jobb for festivalen.

Medarbeidarfest

Søndag kveld når siste poet er reist blir det fest for alle frivillige.

Attest

På førespurnad kan du få ein arbeidsattest etter festivalen.

 

Som frivillig under Ulvik poesifestival må du:

Kontaktinfo

Gje oss den kontaktinfoen som vi ber om, slik at vi lett kan nå deg ved behov.

Førebu deg

Gjer deg kjend med dine oppgåver når du har fått jobb hjå oss. Syt for at du kjenner vaktliste og arbeidsinstruks som fyl med produksjonsplanen for festivalen.

Ver synleg som frivillig

Bruk t-skjorta du får når du er på jobb for festivalen, ikkje når du har fri.

Alkohol

Det er ikkje tillate å nyte alkohol eller andre rusmiddel når du er på jobb.

Tryggleik

Tryggleik er eit felles ansvar. Orienter deg om rømningsplanar og andre instruksar der du er på arbeid. Det er viktig at alle frivillige les gjennom eigen HMT-plan for festivalen i produksjonsplanen.

Hugs at du som frivillig er festivalen sitt fjes utad. Gjer ditt beste for at publikum skal ha gode opplevingar i møte med festivalen.

Tal på arbeidstimar og organisering av dette avheng av kva jobb du har, men alle må jobbe minimum 15 timar i løpet av festivalen.

Som frivillig kan du velje å arbeide innanfor desse områda:

Poesikontoret 

På poesikontoret arbeider du midt i hjarte av festivalen. Her er det viktig med jamn puls og system i papira. Poesikontoret betener festivalen sine gjester og frivillige med all naudsynt informasjon. Kontoret skal også koordinere utlevering og mottak av billettskrin og varer for sal, samt halde styr på vaktlister og akkreditering.

Arrangementsansvarleg

Som arrangementsansvarleg får du ansvaret for ein programpost og dermed også ein eller fleire utøvar under heile deira opphald på festivalen. Du skal syte for at dei har det bra og har alt dei treng. Å vere arrangementsansvarleg er ein jobb med ansvar men og med mykje moro. Ulvik poesifestival er kjent for å vera ein festival som verkeleg tek vare på utøvarane sine. Dette kan vi takke alle våre arrangementsansvarleg for. Vil du vere arrangementsansvarleg får du opplæring frå festivalprodusent før festivalstart.

Arenaansvarleg 

Poesifestivalen nyttar heile bygda under festivalen, og i sentrum av det heile står Elvatun ungdomshus. Her har festivalen litterære arrangement, konsertar og festivalkro. Elvatun treng stødig føring gjennom heile festivalen, og dette får vi til gjennom å ha eit par ekstra dedikerte frivillige som har overblikket på alt som skjer i bygda sin storsal. Du må vera over 18 år og gjerne med sertifikat på lomma.

Poesivert

Som poesivert møter du publikum der det skjer. Du har ansvar for billettsal på arenaen, vakthald og informasjon til publikum. Festivalen har mange arrangement, og difor treng vi også mange poesivertar. Vi har mange røynde poesivertar som har vore med oss i mange år. Kvart år kjem det også heilt nye frivillige til, som også synes det å høyre litt poesi eller musikk på jobben er ein stor fin bonus. Alle poesivertar får naudsynt opplæring i billettsal og vakthald før festivalen. Poesivertar arbeider alltid i par.

Dekor

Det skal synast att når det er tre dagar poesifest innerst i Hardangerfjorden. Vi pyntar bygda med poesiflagg og kvar arena med poesipryd. Som frivillig på dekor arbeidar du i dagane før festivalen med å gjere alle arenaene klare for besøk. Under festivalen er du mest i bakvakt, før det sundag ettermiddag er tida for å pakke ned festen.

Kro

Festivalkroa på Elvatun treng sørsvisretta frivillige som kan brette opp armane når det trengs. Krovertane er kanskje den mest samansveisa gjengen på heile festivalen. Det må ein vera skal ein servera god mat og drikke til ei til tider lang kø av svoltne gjester. Som krovert står du ikkje bak grytene, men betener kasse, serverer mat og drikke og ryddar i kroa. Du må kunne handtere ein i-pad og ein bankterminal, men opplæring vert sjølvsagt gitt. Som krovert har du alltid ein kroansvarleg som kan hjelpe deg om noko ikkje går som det skal. Det er fint om du er over 18, men du er også velkomen om ikkje.

Sjauing

Sjauing er festivalen sin bokrygg. Har vi ikkje den på plass så ramlar alle sidene frå kvarandre. Som sjauar må du ikkje vere redd for å ta i eit tak. Du må kunne løfte lydutstyr i ulike vektklassar, men hugs at du alltid har fleire hender rundt deg som er med på same løftet. Sjaurar syter for at arenaen er klar før bruk, og at den vert rydda etterpå.

Transport

Transport har to stillingar: sjåfør og koordinator.

Sjåførar må så klart ha førarkort, og du må vere ein trygg og god sjåfør. Utøvartransport skjer i eigne bilar, og sjåførar leverer reiserekning når festivalhelga er over. Vi prøver å få så mange utøvarar som mogeleg med tog til Voss, men turar til Flesland vert det også ein del av. Nokre transportoppdrag må gjerast med festivalen sin minibuss. Bussen kan køyrast med vanleg førarkort.

Transportkoordinator held styr på transportoppdraga, følgjer med på om fly til og frå Flesland er i rute og gjer endringar i planane når det er nødvendig. Dine arbeidsverktøy er pc og telefon, førarkort er ikkje eit krav.

 

Er du med på laget? Meld deg som frivillig ved å nytte skjema under 

 

Frivillig Ulvik poesifestival 2018