Bli frivillig!
Foto: Ådne Dyrnesli

Bli frivillig!

Vil du vere med på laget som lagar fest, moro og unike opplevingar i Ulvik i september?

Kvart år er alle dei frivillige med på å gjere festivalen til ei unik oppleving for både utøvarar og publikum. Innsatsen til alle dei frivillige er heilt avgjerande for at vi skal få til ein tre dagars poesifest her innerst i Hardangerfjorden. Som frivillig på Ulvik poesifestival får du unike opplevingar både musikalsk og litterært. Du får òg nye bekjentskap med deg på vegen. 

Vil du vere frivillig under årets festivalen i 2018 kan du sende ein e-post til admin@haugesenteret.no