Festspeldiktarane fornya Festspela

Med billettsal godt over budsjett, gjestetal vesentleg over fjoråret og fire dagar med strålande vêr og fulle hus er det berre å gle seg over Dei nynorske festspela i Språkåret 2013.

– Største delen av publikum er lokale, men vi ser også fleire tilreisande blant publikum. Publikum kjem frå heile landet, og vi kan tydeleg sjå at Kvivsvegen har opna ein ny marknad for oss, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Unge og modige festspeldiktarar

Festspeldiktarane sette sitt heilt unike preg på Festspela i år. – Dei gav publikum noko dei ikkje visste dei skulle få, og overraska ikkje berre publikum, men også både arrangørane og seg sjølve, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. – Lars Petter Sveen, Guri Sørumgård Botheim og Sigrid Sørumgård Botheim er alle unge forfattarar med tydelege stemmer. Kreative, nytenkjande og uredde i ulike roller og på fleire arenaer gav dei raust av seg sjølve og var, heilt i tråd med festspeltemaet, grenselause, til stor begeistring frå publikum.

Aasen-tunet er hovudarena under Festspela. Der var det program fortløpande, dei fleste med full sal, og arenakapasiteten blei maksimalt utnytta. I tillegg var det festspel på ni ulike arenaer i Volda og Ørsta, fleire av dei nye av året. – Vi har eit velfungerande maskineri av fast tilsette, tunassistentar og ikkje minst frivillige som står på for at både utøvarar og publikum skal ha ei best mogleg oppleving. Til saman har 90 personar vore med på å lage festspel, og det er vi svært stolte av, seier Øvereng.

Variert program og fornya utstilling

Temaet Grenselaust opna for å formidle nye perspektiv på språk, på nynorsk og på Ivar Aasen. Breidda i programmet, med noko for kvar ein smak, alder og lommebok gir Festspela eit eige særpreg i mengda av festivalar, seier Munch. Basisutstillinga i Aasen-tunet har blitt vesentleg fornya til Festspela med nytt stoff om Ivar Aasen, språk i Noreg og i verda i samband med 200-årsjubileet.

– God økonomisk styring, jamt høg kunstnarleg kvalitet og eit program der alle kan finne noko som interesserer dei, er dei tre krava som gjeld for Dei nynorske festspela, seier Øvereng. Vi selde like mange billettar som i 2012 og gjestetalet enda på 6024, mot 5168 i 2012. Omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og Øvereng kjenner seg trygg på at kostnadene har vore under kontroll. Førebels rekneskap er klar i september.

 

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Årleg feiring av den nynorske skriftkulturen

• Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 22. gong

• Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst

• 90 medarbeidarar og frivillige avvikla 43 arrangement med meir enn 100 utøvarar

• Årsbudsjett på 2,1 millionar kroner

• I 2014 blir Dei nynorske festspela arrangerte 26. – 29. juni