– For eit publikum

–For eit publikum, var den klare tilbakemelding frå fleire utøvarar under Dei nynorske festspela. Publikum set pris på breidda i det faglege tilbodet, og både lokale og tilreisande veit dei får opplevingar på Festspela som dei ikkje får andre stader. Billettsalet auka med 21 %. Færre gjester og større satsing gjer at Festspela likevel endar med underskot i 2012.

Aasen-tunet og rammene rundt Dei nynorske festspela rører utøvarane. Intime scener og nærkontakt med publikum resulterer i trampeklapp og ståande applaus. Publikum gir, og får opptil fleire ekstranummer tilbake.

– Vi har ei breidd i det faglege tilbodet som er ganske unik, med både litteratur, musikk, samtalar utstillingar og teater. Styrken og særpreget vårt ser ut til å vere kombinasjonen av program med svært ulikt kunstnarleg og fagleg innhald for mange målgrupper, og som publikum berre kan oppleve her, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

 

Song i mange former

Festspeltemaet «Songen» gav festivalen eit anna særpreg i år, med fleire musikalske opplevingar, songar i mange sjangrar og viktige samtalar om kva som gjer ein songtekst god.

Som i fjor var Ivar Aasen-tunet hovudarena under Dei nynorske festspela, men i alt var det arrangement også på 11 andre scener i Volda og Ørsta. Widerøe legg vekt på at det er viktig å vere tilgjengeleg for alle. – Dei nynorske festspela har mellom anna ein klar sosial profil på billettprisane og fleire gratisarrangement som inkluderer breitt, seier ho.

– Eg er svært takksam for måten eg har blitt motteken på av publikum. Innsatsen til dei frivillige er unik, og frå min ståstad har gjennomføringa vore prikkfri, oppsummerte festspeldiktar Arne Moslåtten under Aasen-stemnet søndag. Moslåtten er først og fremst kjend som tekstforfattar og musikar i Hellbillies, men fekk vise fleire sider av seg sjølv under Festspela.

 

Fleire kroner, færre gjester

Billettsalet auka med 21 % frå i fjor til 513 000 kroner brutto i år, medan gjestetalet enda på om lag 5100. – Fleire gratisarrangement som har vore godt besøkte tidlegare, regna vekk i år. I tillegg hadde vi færre arrangement totalt og færre arrangement med eksterne arrangørar.

Opningskvelden hadde vi det nest best besøkte arrangementet nokonsinne med Hellbillies i Hamneparken i Ørsta, men der burde likevel vore dobbelt så mange betalande, seier dagleg leiar i Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

– Omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og kostnadene har vore under kontroll, seier Øvereng. Førebels rekneskap er klar i september, og det er venta å ende med eit underskot. – Dette viser kor viktig det er at vertskommunane er sterkare inne på tilskotssida, seier Øvereng.

 

(2.7.2012)