Stor kunst og 23% høgare billettsal

Dei nynorske festspela fekk 23 % høgare billettinntekter og 14 % fleire gjester enn budsjettert. Det viser dei førebelse tala for Dei nynorske festspela, der 53 arrangement samla om lag 6400 gjester.

Festspeldiktaren Bjørn Sortland var med på 14 av arrangementa. – Det er ein fin ting å vere på ein plass der folk er inderleg interesserte og fyller opp. Festspela har ein avslappa intensitet som er unik, seier Sortland. – Styrken og særpreget vårt ser ut til å vere kombinasjonen av program med svært ulikt kunstnarleg og fagleg innhald for mange målgrupper, og som publikum berre kan oppleve her, seier programansvarleg Åshild Widerøe. “Kjærleik” var tema for Dei nynorske festspela som opna torsdag kveld og blei avslutta søndag ettermiddag. Kvinnelege artistar prega alle dei store konsertane og mykje av programmet elles.             

Festspelhistorie
Programansvarleg Åshild Widerøe er særleg stolt av ei tverrkunstnarleg danseframsyning skapt av Solveig Styve Holte laurdag. Opningskonserten torsdag med Kari, Ola og Lars Bremnes samla heile 708 gjester og var noko Dei nynorske festspela har arbeidd med i fleire år for å få til. Eit tredje kunstnarleg høgdepunkt var ein litterær konsert med Bodil Cappelen og Sigrid Moldestad bygd over brev og dikt av Olav H. Hauge. – Den magiske stunda er ei av dei ypparste i festspelhistoria, seier Widerøe. Programmet strekte seg frå sterk kunst og varm humor til stort alvor. Meir enn 25 skjønn- og faglitterære forfattarar var i aksjon, og Widerøe ser ein klar tendens: – Livskrafta og tilveksten i den nynorske litteraturen er så stor at vi har meir enn nok med å ta unna. Etter fire dagar som festspeldiktar har sjølv ein så respektert forfattar som Bjørn Sortland nådd ut til mange ny lesarar. Ikkje noko gler oss meir, seier Widerøe.           

Kvalitet og kroner
Det er Nynorsk kultursentrum som arrangerer Dei nynorske festspela. – Kvalitet, kroner og nøgde gjester er ein slitesterk modell for ein festival som vår, seier direktør Ottar Grepstad. – Vi er over oss av begeistring for utøvarane, gjestene og alle våre frivillige. Det rører oss å sjå kor viktig stor kunst og fagleg tyngd er for folk. Som i fjor var Dei nynorske festspela konsentrert om Ivar Aasen-tunet, men i alt var det arrangement også på 14 andre scener i Ørsta og Volda.  Billettsalet auka med 23 % frå fjor til 423 000 kroner brutto i år, og gjestetalet auka med 4 %  til om lag 6400. Omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og kostnadene har vore under kontroll, seier Grepstad. Førebels rekneskap er klar i september. I fjor var årsresultatet for Dei nynorske festspela eit overskot på 173 000 kr. 

(27.06.11)