Velkomen til Poesifestival!
Foto: Ulvik poesifestival

Velkomen til Poesifestival!

Helga 7.–9. september er det på ny festival i poesibygda.

Festivaltemaet i år er Ordskifte. Kva rolle, plass og funksjon har poesien i den offentlege samtalen, og kan poesien bidra til dialog og ettertanke i ei tid der ordskifte har blitt meir tilspissa og splittande?

Fleire framifrå norske og nordiske poetar kjem til festivalen saman med dyktige musikarar og andre utøvarar. Følg med på poesifestivalen.no framover. Der finn du etter kvart program og billettar.

 

Syn oss åkeren din

Møt ikkje med:

gøyande hund,

hotande hand,

trakk ikkje i rugen!

Men syn oss åkeren din

ei morgonstund!

 

Olav H. Hauge, frå Seint rodnar skog i djuvet, 1956