Tidekverv til Poesifestivalen
Foto: Paal Audestad

Tidekverv til Poesifestivalen

Dei makelause folkemusikarane Benedicte Maurseth og Berit Opheim har skrive verket Tidekverv. Tekstane er skrivne av Erlend O. Nødtvedt og Bergsveinn Birgirson, som skriv i klassisk balladestil, inspirert av det vakre og mystiske Draumkvedet. Komposisjonane til Maurseth og Opheim finn si rot i folkemusikken, men barokkimpulsar, samtidsmusikk og improvisasjon er òg med i det komplekse lydbilete.

Benedicte Maurseth er ein norsk folkemusikar, komponist og skribent. Ho har tidlegare arbeidd som komponist til sceneversjonen av Jon Fosses Andvake ved Det Norske Teater i 2009, og til Morgon og Kveld ved Nationaltheatret i 2015. I 2014 debuterte Maurseth også som forfattar på Samlaget med boka: Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Berit Opheim har gitt ut ei rekkje soloplater som har fått strålande omtale. Ho er ein av våre største og viktigaste kvedarar, og ein etterspurt songar i blant anna folkemusikk og samtidsmusikk. Ho har dei siste åra stått på scener i Norge, Europa og Asia.

Rolf Lislevand har vore ein aktiv kammermusikar og har i fleire tiår gjort internasjonal karriere. Lislevand blir rekna som ein av dei største luttinstrumentalistane internasjonalt.

Håkon Mørch Stene har i over 15 år vore ein av Noregs leiande slagverkar og gjort internasjonal karriere. Med ei rekkje plateinnspelingar har Mørch Stene tre gongar motteke Spellemannprisen. Frå hausten 2017 arbeider han som professor i slagverk ved Staatliche Musikhochschule Freiburg.

Tidekverv er avslutningskonserten for Ulvik poesifestival 2018 i Ulvik kyrkje. 

 

Tidekverv

Søndag 9. september

Kl. 15.00

Ulvik kyrkje

Kr 300 / 250

Kjøp billett