Syng liv i ditt liv!

Syng liv i ditt liv!

Erik Lukashaugen er visesongaren som sa opp fast løn i hovudstaden for å leve livet som musikar på Hedmarken. Sida då har gitaristen og vokalisten vore på vegen og er for tida aktuell med den nyskrivne konsertframsyninga Syng liv i ditt liv - ein hyllest til diktaren Hans Børli som har 100-års jubileum dette året. Framsyninga tek publikum med på ei reise frå maurstiane til Melkeveien, gjennom song og tonar. Hans Børli vart ofte kalla ein «skogens diktar», men kven var eigentleg denne tømmerhoggaren og diktaren frå Eidskog?

Lukashaugen kjem til Ulvik med sitt faste band Arbeidslaget. Med seg har dei også skodespelar Glenn Luijbregts.

Arbeidslaget: Erik Lukashaugen (vokal og gitar) Tarjei Nysted (fele, nøkkelharpe og madolin), Bjørge Verbaan (trekkspel, trøorgel og paino), Erik Sannes Aanonsen (kontrabass og nøkkelharpe)

Ein musikalsk smakebit på det som ventar festivalpublikummet i Ulvik ser du her 

 

Syng liv i ditt liv!
Erik Lukashaugen

Billettlenke