Publikumsforslag til Poesifestivalen

Den italiensk gjendiktaren Fulvio Ferrari kjem til Ulvik og Poesifestivalen i 2020. Ferrari vert ein av fleire inviterte i ein programpost om gjendikting og Hauge på fleire språk.

Poesifestivalen utfordra publikum til å koma med programforslag til årest festival. Vi fekk inn fleire gode og velgrunna forslag. Eit av forslag vert no ein programpost under Poesifestivalen i 2020.

Kristin Eli Andresen Soldal foreslo å invitere gjendiktaren Fulvio Ferrari som har omsett 70 Hauge-dikt i samlinga La Terra Azzura som kom i 2008. Forslagsgjevaren ønskte seg eit gjendiktarseminar som omhandlar dei språklege og kulturelle utfordringar som omsettaren møter i dei dialektnære dikta til Hauge. Av praktiske årsaker fekk vi ikkje invitert Ferrari til årets festival. Vi vil difor invitere Fulvio Ferrari til eit arrangement om gjendikting og Hauge til Poesifestivalen i 2020.

Poesifestivalen takkar publikum for alle gode forslag! Eit festivalpass er på veg til Kristin Eli som dette året stakk av med "sigeren".