Poetisk møte i Hauge si stove
Foto: Sveinung Sundfør Sivertsen

Poetisk møte i Hauge si stove

Publikum fekk eit nært og poetisk møte med Catharina Gripenberg på Rossvoll søndag

Den finlandssvenske poeten Catharina Gripenberg er ein poet vi trur Olav H. Hauge ville likt å få på vitjing. Søndag føremiddag møtte publikum Gripenberg i samtale med poet og kritikar Sindre Ekrheim i vevstova på Rossvoll.