Over 4 600 festivalgjester i Ulvik

Over 4 600 festivalgjester i Ulvik

4 675 opplevde lyrikk i mange former under Ulvik poesifestival i Olav H. Hauges heimbygd i helga. – Det er svært gledeleg å sjå at interessa for poesi er så stor, og at publikum står i kø for å høyre og oppleve lyrikk, seier Geir Netland, dagleg leiar for Hauge-senteret og Poesifestivalen.

Poesifestivalen har løfta fram mangfaldet i lyrikken og tok heile bygda i bruk med 30 programpostar på ulike arenaer. Heile 24 poetar las lyrikk og deltok i litterære samtalar. Dei prislønte forfattarane Pia Tafdrup frå Danmark, Gyrðir Elíasson frå Island og den samisk/finske multikunstnaren Niillas Holmberg presenterte lyrikk på fleire nordiske språk. Poesifestivalen markerte også at Lars Saabye Christensen feira 40 år som poet og forfattar.

Temaet i år var «Lengt». – Det er eit godt emne for ein poesifestival inst i ein fjordarm, der dei melankolsk anlagte av oss gjerne blir endå litt blautare i dei sjelelege kantane i halvgrå vestlandskveldar, sa Knut Olav Åmås i opningstalen til festivalen.

Førre poesifestival blei arrangert i 2014 i samband med opninga av Hauge-senteret. Årets besøk er 20 % høgare i enn førre festival og på same nivå som det utvida jubileumsåret 2008. Ulvik poesifestival skil seg frå andre norske litteraturfestivalar ved å vera ein rein lyrikkfestival. Dei musikalske innslaga hadde stort spenn frå Silja Sol til avslutningskonserten med Solveig Slettahjell og Tord Gustavsen.

– Publikumstalet stadfestar at folk set pris på den spesielle og nære opplevinga det er å høyre forfattarar framføre eigne dikt. Kort avstand mellom arenaene og intim og triveleg atmosfære omgitt av mektig vestlandsnatur trekkjer også mange tilreisande, seier Geir Netland.

Billettsal 30 % over budsjett

Førebels tal syner at Ulvik poesifestival selde billettar for 30 % meir enn budsjett. I dag sender medarbeidarane ved Hauge-senteret ei stor takk til utøvarar, publikum og alle dei frivillige som bidrog til ein fantastisk, innhaldsrik og minnerik festival.

– I Ulvik stiller heile bygda opp for festivalen, både som publikum og frivillige. Det imponerer å sjå kor mange som kjem på alle typar arrangement, både inne og ute frå tidleg på dag og seint på kveld, seier festivalprodusent Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Ulvik poesifestival blir arrangert av Olav H. Hauge-senteret som er ein del av Nynorsk kultursentrum. Førebels rekneskap for Ulvik poesifestival ligg føre i desember.