Niillas Holmberg til Ulvik poesifestival

Niillas Holmberg til Ulvik poesifestival

Den samiske poeten Niillas Holmberg (26) har etter fem diktsamlingar allereie markert seg som ein av dei viktigaste samtidsforfattarane i Norden. Om to veker kjem han til opninga av Ulvik poesifestival.

– Ulvik poesifestival skal vere ein møtestad for poesi i mange former og på tvers av språkgrenser. Vi er stolte av å presentere nok ein sterk og spennande forfattar på festivalen, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Hauge-senteret.

Niilas Holmberg (f. 1990) er frå Utsjoki i Finland og bur i Jokkmokk i Sverige. Han har publisert poesi på nordsamisk og finsk, og er omsett til over 10 språk. Han arbeider heiltid som poet, musikar og skodespelar, og er ein sentral person i det samiske kulturlivet. I 2015 vart Holmberg nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han fekk òg «Premio Giovani» på den internasjonale minoritetsspråkfestivalen i Ostana, Italia. Dette er ein årleg pris til ein ung forfattar som markerer seg på eit minoritetsspråk. Han har mottat fleire prisar i Noreg, Finland og Sverige for diktsamlingane sine.

Frå før av er det kjend at den islandske forfattaren Gyrdir Elíasson kjem på festivalen. Fleire av novellesamlingane hans er kome ut på norsk tidligare og i samband med festivalen kjem Dikt i utval på norsk. Oskar Vistdal har stått for gjendiktinga. Den danske diktardronninga Pia Tafdrup kom i vår med diktsamlinga Lugten af sne. Ulvik poesifestival er hennar første vitjing til Noreg etter lanseringa av denne.

– Dei norske poetane Anne Helene Guddal og Catherine Blaavinge Bjørnevog kjem òg med heilt ferske diktsamlingar til Poesifestivalen. Vi er glade for å presentere ny lyrikk frå heile Norden ei heil helg ved Hardangerfjorden, avsluttar Geir S. Netland.

For meir informasjon:

Dagleg leiar Geir S. Netland, tlf. 900 38 286.