Lanserte diktsamling
Ruth LillegravenFoto: Laila Walseth Lid

Lanserte diktsamling

Vakkert og stemningsfullt då Ruth Lillegraven lanserte diktboka "Skogen den grøne" saman med tre femteklassingar frå Brakanes, forlagsdirektør Edmund Austigard og ein fullsett fjordsalong med born og vaksne.

Lanserte diktsamling
Forlagsdirektør Edmund Austigard
– Ruth har i ung alder allereie blitt ein folkekjær diktar. Vi er stolte og glade for at ho dyrkar fram barnelitteratur frå borna sin ståstad, og ser verda med deira auge, heilt i ånda til Rasmus Løland, sa forlagsdirektør Edmund Austigard i Det Norske Samlaget under lanseringa.

Ruth Lillegraven er ein produktiv og allsidig forfattar frå Granvin, nabobygda til Ulvik, og berre i haust gir ho ut tre bøker i tre ulike sjangrar.

Forfattaren sjølv fortalde at "Skogen den grøne", som handlar om ein tur inne i skogen, kom i stand i fjor sommar under ein familietur der dei brått kom over eit hjortegevir på bakken. Diktet om hjortegeviret var berre eitt av mange dikt forfattaren las opp, og små og store tilhøyrarar fekk høyre om huldrepust-skodde, vinden som var som eit trollskrik og om kva som skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti.

Simen, Aina Emilie og Amanda frå femte klasse ved Brakanes skule las dikta Spor, Sommarfugl og Mauren frå den nye diktsamlinga, og synest det var kjekt å framføre dikt for første gong. 

Lanserte diktsamling
Skogen den grøne
Boka er illustrert av Mari Kanstad Johnsen, og bileta i boka gøymer blant anna mange dyr, som borna kan leite etter. 

 

 

 

 

 høyr!
kviskrar stien 

hausten spring
gjennom skogen
stel sommaren
og kjem med
vinteren 

og sjå!
gule lauv ligg og
lyser på bakken

det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut 

Les meir om Ruth Lillegraven på Allkunne.no