Kva er det med desse versa?
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Kva er det med desse versa?

Før Poesifestivalen brakar laus arrangerer Hordaland Fylkeskommune seminar om lyrikkformidling i Ulvik. I samarbeid med Ulvik poesifestival.

 

Det er ikkje mykje med

desse versi, berre

nokre ord, røysa saman

på slump.

Eg synest

likevel

det er gildt

å laga dei, då

har eg som eit hus

ei liti stund.

 

Utdrag frå «Lauvhyttor og snøhus» frå Spør vinden (1971) av Olav H. Hauge

Likt som i diktet kan eit vers, ei setning, eit ord, bli som eit hus for lesaren. Når eit dikt når fram, kan det hende at vi kjenner oss mindre heimlause. Diktet kan vere som ein veg gjennom ulendt landskap, ein stad å kvile og ein vegg å lene seg til, og samstundes ein stad der vi kan utfordre tanken, undre, reflektere og oppdage ein vidare horisont.

Hordaland fylkesbibliotek inviterer til seminar i Ulvik torsdag 6. september og fredag 7. september. På dette seminaret vil ein gå inn i kva dikt kan tyde, både for den einskilde og i ein større samanheng. I ei tid der det ikkje manglar på utfordringar mellom menneske og i naturen rundt oss, som vi er så avhengige av. Korleis kan diktarar fange opp denne tematikken? Vi vil også sjå på måtar å formidle dikt på, både gjennom arrangement og andre tiltak. Målgruppa for seminaret er tilsette i biblioteka, men alle interesserte er velkomne på heile eller delar av programmet.

Professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, Hans Kristian Rustad spør kva vi kan bruke dikt til. Korleis kan dikt bli viktige for oss? Kan poesi og politikk høyre saman, og kan slike tekstar hjelpe oss i utfordringar som klima- og flyktningkrise?

Det vert poetisk forfattarmøte mellom poetane Fredrik Hagen, Mona Høvring og Ingrid Nielsen. Lyrikar Tone Hødnebø kjem også, for å snakke om erfaringar frå poesiarrangement og måtar å formidle dikt på.

Seminaret blir også med på den første delen av programmet til Ulvik poesifestival gjennom Poesifestivalen sitt eige seminar; Lyrikk i krisetider. Fem forskarar med ulike perspektiv på temaet lyrikk i krisetider innleier til felles diskusjon. Innleiarar er Ingrid Nielsen, Ole Karlsen, Stein Arnold Hevrøy, Eirik Vassenden og Sissel Furuseth. Ordstyrar er poet og kritikar Sindre Ekrheim. Seminaret er initiert av Olav H. Hauge-senteret og Poesifestivalen. 

Kontakt Hordaland fylkesbibliotek for meir informasjon om seminar og for påmelding her