– Rørt over deltakinga på Poesifestivalen
Herborg Kråkevik og Kolbein FalkeidFoto: Harald G. Johnsen

– Rørt over deltakinga på Poesifestivalen

Over 4700 gjestar opplevde 35 ulike arrangement på ulike stader i Ulvik i løpet av festivalhelga. Høgdepunkta var mange. Kolbein Falkeid las og fortalde frå eit langt diktarliv og Herborg Kråkevik ramma inn ei minnerik stund med vakker song. Tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen bergtok publikum og Kjartan Fløgstad sine songskattar blei entusiastisk framførte av Berit Opheim, Gabriel Fliflet og Lars Klevstrand.

– Årets festival har igjen stadfesta at Hauge-senteret og Ulvik poesifestival er ein viktig formidlar og møteplass for lyrikk i mange former, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret. Vi har eit interessert publikum, både kortreist og langreist, som veit å setja pris på god poesi. Både forfattarar og utøvarar er begeistra over det unike publikummet vi har her i Ulvik.

Under opninga av den 10. Poesifestivalen i Ulvik blei Erlend O. Nødtvedt tildelt det nyoppretta Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Liv Bernhoft Osa las Hauge-dikt i Hauges hage og spelemannen Knut Hamre fortalte frå sitt livslange venskap med den store diktaren. Venelaget Olav H. Hauge gav i år Amboltprisen til professor Ole Karlsen som gjennom mange år har forska på Hauges forfattarskap.

Ruth Lillegraven lanserte diktboka Skogen den grøne for barn og vaksne, og elevar frå skular i Ulvik, Granvin og Eidfjord blei dei første i landet til å sjå den nye skulesekk-produksjonen Les for livet.

Festivalpoetar som Cecilie Løveid, Øyvind Berg, Tone Hødnebø og Knut Ødegård belyste festivaltema Ordskifte gjennom lesing og samtale, og eit lydhøyrt publikum fekk høyre nye poetiske røyster som Juliane Rui, Bendik Vada, Øyvind Rangøy, Sigmund Løvåsen og Svanhild Amdal Telnes.

Den musikalske spennvidda var stor frå det energiske 9 grader nord til den stemningsvare kyrkjekonserten Tidekverv, som avslutta festivalen søndag ettermiddag.

 

Billettsal 11% over forrige festival

Tala hittil syner at Ulvik poesifestival selde billettar for 610 000 kroner, noko som er 11 prosent over billettinntektene frå førre festival i 2016. Vi hadde budsjettert med 4000 besøkande, og med eit besøk på nærare 12 prosent over budsjett er vi sjølvsagt svært nøgde med oppslutninga rundt årets festival, avsluttar Netland.

Hauge-senteret sender ei stor takk til utøvarar, publikum, lokale samarbeidspartnarar og alle dei frivillige som bidrog til tre innhaldsrike og minnerike lyriske dagar i september.

– Ulvik har alltid vore ei sterk kulturbygd, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide. Folk i bygda stiller opp, både som eit lyttande publikum og som frivillige frå tidleg morgon til seine nattetimar under festivalen. Det både imponerer og rører å sjå kor mange som kjem på arrangementa våre, frå dei store konsertane til dei mindre litterære programpostane, seier Lekve Eide.

 

ULVIK POESIFESTIVAL

• Ei feiring kvart partalsår av Olav H. Hauges forfattarskap og lyrikk i mange former

• Arrangert for 10. gong i 2018

• Frå 2014 eigd og driven av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda

• Om lag 65 medarbeidarar og frivillige avvikla 35 arrangement

• Om lag 110 utøvarar var med på Poesifestivalen

• Årsbudsjett på 2,4 millionar kroner

• I 2020 blir Ulvik poesifestival arrangert 11.¬13. september.